Vellykka Innovasjonsseminar

Tilbakemeldingane etter Innovasjonsseminaret på Hovden 27. - 28. oktober er at det var eit innhaldsrikt og godt seminar. Over 200 personar deltok på seminaret.

Biletet her er frå opninga. Ordstyrar Styrk Fjærtoft Trondsen og ordførar Kay Jeiskelid klipte snora/ slipset.

Sjå fleire bilete frå seminaret her.


Som det høver seg på eit innovasjonsseminar, var det lagt opp til ei ny og spennande presentasjonsform. Per Tomas Govertsen hadde regien, og hadde førebudd seg mellom anna ved å lage spennande filmar frå dei ulike destinasjonane som er med i prosjektet Innovativ Fjellturisme. Styrk Fjærtoft Trondsen hadde "greenroom" i dusjen, med direkte overføring på storskjerm til deltakarane i gymsalen.

Presentasjonar frå dei ulike foredragshalderane blir lagt ut på nettsidene www.fjellturisme.no.



Putte Svennson frå Rock City Hultsfred var nok den som hausta mest applaus. Han fortalte med innleving og innlagt klesskift om korleis dei har bygd opp det som no er den største musikkfestivalen i Sverige.




Beata Wickbom frå Pool Interactive jobbar innan områda marknadsføring, næringsutvikling og kommunikasjon. Ho sette fokus på digitale medier, nye sosiale nettstader og framtidas web. Her har dei fleste mykje å lære!



Per-Arne Tuftin (reiselivsdirektør i Innovasjon Norge) og Øyvind Slåke (statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet) snakka om rammer og moglegheiter frå det offentlege i høve til fjellturisme i framtida.



Lena Petterson (informasjonssjef i Star Tour) snakka om satsinga på pakketurar med tog, og moglegheiter for fjelldestinasjonane.



Ingrid Forthun (teatersjef Agder Teater) meiner at dramaturgi frå teaterverda kan overførast og vere nyttig for utvikling av reiselivsprodukt.



Helge Otto Mathisen er konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Color Line. Han snakka om utfordringar og moglegheiter for fjelldestinasjonane i eit tiårsperspektiv.


Alle foto: Kjell Gunnar Dahle




Utskriftsversjon Utskriftsversjon