Tilbod om kurs

BI Kristiansand startar no i november opp kurset "Opplevelser og reiseliv - en introduksjon". Fokus i kurset er korleis bedrifter, attraksjonar og destinasjonar kan arbeide strategisk for å skape positive opplevingar for kundar og gjester.

Det er ønskjeleg med deltakarar frå Bykle, og Aust-Agder fylkeskommune og BHV vil sponse heile eller delar av avgifta for deltaking på kurset.


Kurset går over 36 timar, fordelt på 6 dagar. Det er ikkje krav til spesiell kompetanse for å delta, og kurset gjev 6 studiepoeng.

Kursplan med detaljert beskriving av innhald finn du her.

Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon, og med tanke på sponsing av deltaking.



Utskriftsversjon Utskriftsversjon