ArtStart gav god uttelling for Bykle

Det var i år rekordmange som søkte om støtte gjennom Innovasjon Norge sitt program ArtStart. Tre prosjekt frå Bykle var blant dei heldige som blei tildelt støtte; LAGG - living easy, Studio Lislestog og Bellos Service. Til saman fekk prosjekta i Bykle 420 000 kr.

Biletet er frå utdelinga hos Innovasjon Norge i Arendal.


LAGG - living easy ved Kari Nomeland og Johan Hellgren fekk 200 000 kr til eventdelen av verksemda si. Gjennom dette vil dei satse på å gi gjester på Hovden ulike aktivitetar og opplevingar, primært med fokus på ski og sykkel.

Trym Bjønnes jobbar for å få etablert eit lydstudio i Bykle, og fekk 120 000 kr til dette prosjektet. Målet er å kunne tilby profesjonelle opptaksmoglegheiter og lydproduksjon på tvers av musikalske sjangrar og nivå. Målgruppa er lokale og regionale musikarar, rockeband, kor, korps, skular og kulturskular.

Sabine Bello ønskjer å lage mat-tv, og fekk 100 000 kr i støtte til å lage ein pilot. Når piloten er ferdig vil ho forsøke å selge konseptet til ulike tv-kanalar. Det er lagt opp til eit samarbeid med Ragnhild Bjåen og Bjåen Fjellstove - ei herlig blanding av ingrediensar og tradisjonar frå Frankrike og Fjellgardane.

Gratulerer til alle, og lykke til med prosjekta!



Utskriftsversjon Utskriftsversjon