Kurs i styrearbeid



Setesdal Regionråd i samarbeid med Evje Utvikling inviterer alle næringsdrivande i regionen til frukostmøte og kurs i styrearbeid. Kurset blir i Valle onsdag 26. november kl. 7.30. Les meir om kurset under.

Kurset varer ca 2,5 timar, og ein vil mellom anna kome inn på samansetting av styre, roller, ansvar og utfordringar. Helge Vinterstø frå BDO Noraudit deltar på samlinga. Møtet blir på kommunehuset i Valle.

Det er inga påmeldingsavgift, og alle er velkomne!

For spørsmål og påmelding innan fredag 21.11.08 til:
næringsutviklar Rune Ingebretsen, tlf 94502299 eller e-post; rune.ingebretsen@valle.kommune.no
prosjektleiar Connie Barthold, tlf 91586561 eller e-post cb@evje-utvikling.no



Utskriftsversjon Utskriftsversjon