Kurs i næringsmiddelhygiene


Det blir arrangert kurs i næringsmiddelhygiene for kjøkken- og serveringspersonale i Hovdetun tysdag 6. januar kl. 18.00. Sjå meir informasjon om kurset under.


Opplæring av personale i næringsmiddelhygiene er viktig, og eit krav i næringsmiddellovgivinga. ABC Hygiene vil halde eit kurs som passar for alle som lagar eller serverer mat. Aktuelle tema er:

- Næringsmiddellovgivinga
- Aktuelle mikroorganismer og korleis dei smittar
- Konsekvensar av smitteoverføring
- Handhygiene og test av handhygieneteknikk
- Personleg hygiene, arbeidsantrekk og bruk av eingongshanskar
- Temperaturkrav
- Reine og ureine oppgåver
- Reingjering og desinfeksjon av lokaler og utstyr
- Reinhald og orden
- Internkontroll (IK-Mat)
- Forholdsreglar ved sjukdom hos personalet

Kurset kostar kr 500,- per deltakar. BHV dekker halvparten av kursavgifta. Det må vere minimum 10 deltakarar for at kurset skal bli gjennomført.

Påmelding innan 23. desember til ingvild@bhv.no/ 37 93 85 31.



Utskriftsversjon Utskriftsversjon