Invitasjon til kurs i styrekompetanse

Setesdal Regionråd og Bedriftsgruppa inviterer til kurs i styrekompetanse hausten 2009. Målgruppa er i første omgang næringsdrivande og folk med styreverv innan næringslivet i Setesdal, men også andre kan bli vurdert som deltakarar.


Kurset blir gjennomført i regi av Handelshøyskolen BI – Kristiansand, går over 5 dagar og blir avslutta med ein heimeeksamen som gir 6 studiepoeng. Kurset gir kunnskap om sentrale problemstillingar og teoriar som har betyding for praktisk utøving av styreverv. Kurset har oppstart i september, og eksamen i desember. Kursavgifta vil bli sterkt subsidiert.

Alle interesserte er velkomne til lunsj og informasjonsmøte på Sølvgarden på Rysstad, torsdag 18. juni kl. 12.00.  Gi gjerne beskjed om du kjem, så vi veit kor mange som skal ha lunsj.


Eventuelle spørsmål kan rettast til Bykle og Hovden Vekst v/ Ingvild Hovden, som har ansvar for å koordinere kurset. ingvild@bhv.no/ tel 37 93 85 31.



Utskriftsversjon Utskriftsversjon